På jakt etter utvandrarar i bokbyen Fjærland

Vi tok turen til bokbyen Fjærland og møtte Kjell Arve, som driv antikvariat.


Mange gir gass forbi Fjærland på veg vestover på riksveg 5 og lar vakre Mundal gli forbi. Det er synd. Eg skal vedgå at eg har vore blant dei, men i år svinga eg omsider av ved Bøyaøyri og tok den smale vegen over på vestsida av fjordarmen til bygda som er kjend for sitt gamle hotell, bokbyen og som opp gjennom åra har vore base for mang ein brevandrar, heilt sidan Mikkel S. Mundal førte dei fyrste turistane over Jostedalsbreen i 1887, noko du kan lese om i jubileumsboka Hotell Mundal 1891-1991.
Straumsvåg antikvariat i Fjærland.

I Mundal bur det knapt 300 sjeler. Alle heiter dei Mundal eller Bøyum, blei vi fortalt, men inne i ei av bokbuene var det innvandraren Kjell Arve Straumsvåg som hilste oss. Han har drive K. A. Straumsvågs antikvariat her sidan 2005 og er ein av dei som held liv i bokbyen, som har fleire butikkar. Han har bortimot 30.000 bøker i hyllene og over 22.000 bøker du kan kjøpe via nettbutikken. Søk til dømes på “utvandring” i bokbasen, og du vil finne kanskje 100 bøker om emnet, gamle og nye, frå inn- og utland.


Det var eit avsnitt i boka til Jon Magnus, Brevet fra Minnesota, som fekk meg til å svinge av denne gongen. Han lister opp fleire kjende namn i USA med norske røter: Norman Borlaug, James Arness, Robert Mitchum, Marilyn Monroe, Hubert Humphrey, Conrad Hilton, Ole Evinrude, George Bergstrom, Priscilla Presley Knute Rockne ...

Og Walter Mondale, advokaten og politikaren frå nettopp Minnesota som blei USAs visepresident. Mondale, som gjekk bort i fjor, hadde norsk slektsbakgrunn frå Vestlandet.


USAs visepresident Walter F. Mondale saman med Norman Borlaug i Mexico i 1978. Borlaug, som også hadde norske røter, fekk nokre år tidlegare Nobels fredspris for sitt bidrag til å betre verdas matforsyning. Foto: Det internasjonale mais- og hveteforbundet (CIMMYT). Creative Commons.

Namnet Mondale er rett og slett amerikanisering av Mundal. Han virka som USAs 42. visepresident frå 1977-1981 under president Jimmy Carter, og han stilte sjølv som kandidat til presidentvalget i 1984 mot president Ronald Reagan. Mondale valde Geraldine Ferraro som sin visepresidentkandidat, den første kvinna som nokon sinne sikta seg inn på det embetet. Men den sittande presidenten var populær, henta stemmene frå 525 valmenn og parkerte Mondale og Ferraro. Som plaster på såret fekk Walter Mondale to år seinare kome heim til fedrenes bygd og opne nyvegen som nå tar deg raskt – for raskt kanskje – forbi Fjærlandsbygda og inn i mørket og Fjærlandstunnelen ved Bøyabreen før ljoset i enden gir deg fagre Jølster.
Brevet fra Minnesota av Jon Magnus.

Jon Magnus (her fotografert under American Festival i Vanse) er innom fleire kjende døme på amerikanarar med norske røter i si bok Brevet fra Minnesota, dette i kontrast til dei utvandrarane han skriv om, dei som gjekk i gløymeboka.

Kommentarer